KM TITTEL TIL KIL/HIL

KIL/Hafslo hadde eit vanskeleg utgangspunkt, men ein kjempekamp av laget gjorde til at laget står som KM-vinnar 2014 for Jente 15/16. Laget var i dag mange hakk betre enn Syril, og vinn fortent 4-0. Den avgjerande skåringa kom på overtid då Marie Ruud Pettersen skåra på frispark frå 40 meter. Marie skåra to mål i dag, Marta Dalaker og Jannike Orrestad Andersen eit kvar. Gratulerar til spelarar, trenarar, leiarar og klubbane KIL og Hafslo IL. Samarbeidslaget har vore ein suksess frå dag ein, og idag vart det krona med KM-tittel!

01.11.2014