Informasjon medlemsregisteret

No skal det vera sendt faktura på epost til alle som har oppgjeve epostadresse.

For familiar vil det koma ein faktura pr familiemedlem, men de skal sjølvsagt betala kun ein faktura.

Betalinga må skje gjennom nettet, slik:

  • Skriv     minidrett.nif.no    i adressefeltet
  • Trykk på      Ny bruker     (viss de ikkje allereie er registrert brukar)
  • Fyll inn        Registrer brukeropplysninger   (dersom det er ungen din som er medlem, må du fylla inn info for han/ho)
  • Opprett  brukarnamn og passord 
  • Du vil då få ein eingongskode.Skriv inn eingongskoden og gå vidare
  • Då kjem du til betalingsdelen.  Ha betalingskort klar.

Takstane for medlemsskap er:
Kr 50 for pensjonist
Kr 150 for einskildmedlem
Kr 450 for familiemedlemsskap   (gjeld føresette + barn fødd 1999 eller seinare)

Dersom det er noko feil, meld frå.

De kan no gå inn sjølve på Minidrett og endra opplysningane når de t.d. skifter mobilnr, eller epostadresse.