Stipend-dryss for Runar

IMG_1746 - Kopi

Runar Sekse vart under Lustramarknaden tildelt stipend både frå Luster Sparebank (kultur/idrett) og frå Sportsbui Sport 1 i Gaupne (Sportsbuistipendet 2015).
I tillegg har Sogn CK delt ut satsingsstipend til 4 unge landevegssyklistar i Sogn, der Runar var ein desse.  Vi gratulerer !

Runar er aktiv innan landevegssykling, langrenn og fotball. Hovudsatsinga framover er sykling, der han har vist god framgang og gode resultat i 2014/2015.  Han har tre pallplasseringar i regionale ritt i Bergensområdet så langt i år, og ein 4. plass samanlagt i det litt større rankingrittet Fana 3-dagars. Vidare utover sesongen vert det deltaking i fleire store ritt på austlandet og i Sverige.
Runar gjorde det også svært bra på hovudlandsrennet i langrenn i 2015, med plassering innafor dei 30% beste på 3 av 4 øvelsar.

Runar legg ned mykje tid i idretten, med snitt ca. 8-9 økter / 12-15 timar effektiv trening pr. veke. Vi ønskjer lukke til vidare !

Fana 3-dagars
Fana 3-dagars