Barnefotballkveld på Hafslo tysdag 29.mars 2016

Tysdag 29.mars 2016 får vi besøk av Marius Kloster frå NFF Sogn og Fjordane, som vil halde kurs for leiarar, trenarar og foreldre i barnefotballen på Hafslo. Kurset blir i Samfunnsbygget på Hafslo frå kl.17-20.

Kurset er gratis og eit låg-terskel tilbod der ingen forkunnskap er nødvendig. Vi oppmodar særleg trenarane i barnefotballen på Hafslo om å møte på kurset i Samfunnsbygget 29.mars frå kl.17, men kurset er relevant  både for foreldre og leiarar i barnefotballen på Hafslo.

Meir informasjon om Barnefotballkvelden finn de her: Barnefotballkveld 29.03.2016

For å vite kor mange som møter, ønskjer vi at alle som kjem melder i frå til leiar i Fotballgruppa per e-post til ovemidtbo@hotmail.com innan søndag 27.mars 2016.

Barnefotballkvelden blir ei flott innleiing på fotballsesongen 2016, og vi ønskjer alle velkomne til ein kjekk fotballkveld på Hafslo rett etter påske!