Informasjon medlemsregisteret

No skal det vera sendt faktura på epost til alle som har oppgjeve epostadresse.  Dersom du/de ikkje har motteke faktura, send epost til Erna Hamrum

For familiar vil det koma ein epost  pr familiemedlem, men de skal sjølvsagt betala kun ein faktura.

Betalinga må skje gjennom nettet, slik:

For ny brukar:

  • Skriv minidrett.nif.no i adressefeltet
  • Trykk på Ny bruker (viss de ikkje allereie er registrert brukar)
  • Fyll inn Registrer brukeropplysninger
    (dersom det er ungen din som er medlem, må du fylla inn info for han/ho)
  • Opprett brukarnamn og passord
  • Du vil då få ein eingongskode.
  • Skriv inn eingongskoden og gå vidare
  • Då kjem du til betalingsdelen. Ha betalingskort klar.

For registrert brukar:

  • Skriv minidrett.nif.no i adressefeltet
  • Trykk på logg inn
  • Då kjem du til betalingsdelen. Ha betalingskort klar.

Takstane for medlemsskap er:

  • Kr 100 for pensjonist
  • Kr 200 for einskildmedlem
  • Kr 600 for familiemedlemsskap   (gjeld føresette + barn fødd år 2000 eller seinare)

De kan no gå inn sjølve på Minidrett og endra opplysningane når de t.d. skifter mobilnr, eller epostadresse.

Dersom det er noko feil, meld frå

Dersom du ikkje får til å betala gjennom min idrett, ta kontakt med Erna Hamrum, til erna.hamrum@sfj.no, tlf 99 39 56 32