Flotte venskapskampar på kunstgrasbana på Hafslo laurdag 9.juli

 

IMG_0998

Trenar Olav Gudbrand frå Lom IL G11 tok kontakt med Hafslo G11 tidlegare i sesongen, og lurte på om Hafslo G11 ville spele treningskamp mot Lom G11 laurdag 9.juli. Lom G11 skulle vere ballgutar på eliteseriekampen mellom Sogndal-Molde seinare på kvelden. Lom G11 og Hafslo G11 har hatt kontakt sidan 2014, og har møtt kvarandre til venskapskampar både på Hafslo og Lom fleire gonger sidan 2014.

Vi tok også kontakt med IL Bjørn G11 denne gongen, og dei takka sporty ja til å vere med på treningskampar mot Hafslo G11 og Lom G11 i ettermiddag! Takk til Magnus og Agnethe for at de fekk til dette!

Med god hjelp frå Hafslo G10, organiserte engasjerte spelarar, trenarar, og foreldre frå Hafslo G11, åtte venskapskampar på 18 minuttar kvar mellom Hafslo G11, Lom G11 og Bjørn G11 på kunstgrasbana frå kl.14 i ettermiddag! Trass i surt sommarver leverte dei 36 spelarane frå dei tre laga fantastisk underhaldning for alle som møtte opp på kunstgrasbana. Det vart rett og slett ein fotballfest i fellesferien på kunstgrasbana på Hafslo.

IMG_0947  IMG_0985

IMG_0954  IMG_0974

IMG_20160709_143649

Resultata frå dei åtte kampane vart slik:

Hafslo 1 – Lom 1      0-1

Bjørn – Hafslo 2      1-2

Lom 2 – Hafslo 1     0-4

Lom 1 – Bjørn         1-3

Hafslo 2 – Lom 2    4-0

Bjørn – Hafslo 1     3-1

Lom 1 – Hafslo 2   3-4

Lom 2 – Bjørn        2-2

Det vart mange jamne og flotte kampar, og laga frå både Hafslo, Lom og Bjørn vann kampar i løpet av ettermiddagen! Lom 2 og Bjørn avslutta dagen med ein thriller som endte uavgjort 2-2!

Foreldra til Hafslo G11 stilte med grillpølser, kaker, kaffi, frukt og saft under arrangementet! Alle spelarar fekk gratis mat og drikke, og alle andre fekk kjøpe for ein billeg penge!

IMG_20160709_145937  IMG_0948

Tusen takk til både Lom IL G11 og IL Bjørn G11 for at de tok turen til Hafslo i ettermiddag! Saman med Hafslo G10/11 har de vore med på å skape flotte minner for alle gutane som var med! Stor takk til trenarane for alle lag som stilte opp midt i fellesferien, og ikkje minst dugnadsforeldra frå Hafslo og alle andre foreldre og søsken som var med å heia på kunstgrasbana i ettermiddag! Det er dette fotball handlar om: Engasjement, glede, meistring, respekt og samhold! Det var rørande å sjå korleis spelarane på begge lag gjekk bort og spurte om det gjekk bra når nokon vart liggjande etter harde taklingar i alle kampane i dag! Store idrettsprestasjonar både på og utanfor bana!

Og så må vi ikkje gløyme domardebutanten Isak som leverte god dømming i alle dei seks kampane han dømte i dag! Dette lovar bra for framtida!

IMG_0970

Og så er det sjølvsagt kjekt at Lom G11 reiste vidare til Sogndal og var ballgutar under årets kamp på Fosshaugane så langt. Sogndal vann 4-3 mot Molde etter at stillinga var   3-1 til Sogndal ved pause. Håpar både Lom G11, IL Bjørn G11 og Hafslo G10/11 sit at med mange flotte opplevingar etter det som har skjedd på kunstgrasbana på Hafslo laurdag 9.juli 2016! Vi ser allereie fram til dei neste kampane mot våre vener på Lom og i Gaupne! Takk for ein jubeldag 9.juli 2016!

 

Sportsleg helsing til Lom IL og IL Bjørn frå spelarar, trenarar, oppmenn,foreldre og alle andre som er engasjert i Hafslo G10/11!