Fotballavslutning i Moane søndag 16.oktober kl.15

 

img_1790

Ein lang og flott fotballsesong nærmar seg slutten, og det blir felles avslutning for alle i fotballfamilien på Hafslo i Moane søndag 16.oktober frå kl.15.  

images

Foreldrelaget serverer mat og drikke frå kl.15, og Fotballgruppa legg opp til fotballaktivitet for dei som ønskjer det. Det blir mellom anna mogleg for spelarane å ta ulike ferdigheitsmerke, og det blir lagt til rette for fotballkampar for dei som ønskjer det. Her kan både born og vaksne vere med!

 

wp_004306

Fotballgruppa og foreldrelaget for aldersfastlagd fotball ønskjer alle fotballspelarar, foreldre, søsken og dugnadsfolk VELKOMNE TIL EI FLOTT FOTBALLAVSLUTNING I MOANE SØNDAG 16.OKTOBER KL.15!