Romjulscup på Hafslo 30.desember 2016

IMG_0087 IMG_0081

I samarbeid med Fotballgruppa på Hafslo arrangerer foreldre og spelarar for G2002 den tradisjonsrike Romjulscupen i fotball i Samfunnsbygget på Hafslo fredag 30.desember 2016 frå kl.11. Det blir mykje fotballaktivitet og enkelt kiosksal fram til seinast ca kl.15 (Varigheit er avhengig av antal påmelde spelarar).

Turneringa er for jenter og gutar født i 2011-2010-2009-2008-2007-2006-2005-2004 (til og med 7.klasse).

Deltakaravgift kr.50 per spelar som betalast kontant ved oppmøte i Samfunnsbygget fredag 30.desember.

Påmelding per e-post til: tostrso@online.no eller SMS til mobilnr 95487511 innan onsdag 28.desember kl.18! NB: Hugs fødselsår ved påmelding.

Lag blir sett saman av turneringsleiinga etter at påmeldingsfristen er gått ut. Kampoppsettet blir lagt ut om ettermiddagen/kvelden torsdag 29.desember på heimesida og Facebook-sida til Hafslo IL!

Alle får premie, og det blir enkelt kiosksal.

HÅPAR MANGE VIL VERE MED PÅ EIN FLOTT FOTBALLFREDAG I SAMFUNNSBYGGET PÅ ÅRETS NEST SISTE DAG!:)