Mange Hafslo-jenter til sluttspelet i KM Futsal Innandørs

Etter ei stor fotballhelg i Sogn med innleiande runder i KM Futsal Innandørs førre helg, klarte tre av jentelaga frå Hafslo, inkludert Hafslo/Bjørn J15, å kvalifisere seg til sluttspelet på Sandane første helga i mars! Vi gratulerer Hafslo J13, Hafslo J14 (biletet over) og Hafslo/Bjørn J15 som gjekk vidare, og gler oss til å følgje laga i sluttspelet.

Hafslo IL deltok med til saman 9 lag i dei innleiande kampane i årets KM Futsal Innandørs. Dessverre var det ingen av gutelaga som klarte å ta seg til årets sluttspel, men innsatsen var det i alle fall ikkje noko å seie på.

Takk til alle spelarar, trenarar, lagleiarar og foreldre som deltok på årets første store fotballhelg i 2017! No er fotballsesongen 2017 for alvor i gong!

Full oversikt over alle laga som gjekk vidare til sluttspelet finn du her.