Fotballsesongen 2017 er i gong

  

Denne veka startar fotballsesongen, og to av laga frå Hafslo skal spele sine første seriekampar.

Hafslo/Bjørn J15/17 spelar sin første seriekamp borte mot Vik måndag 27.mars kl.19.

Hafslo G15/17 spelar sin første seriekamp borte mot Syril onsdag 29.mars kl.19.

Det er 11 lag frå Hafslo IL, inkludert samarbeidslaget Hafslo/Bjørn J15/17, som skal delta i seriespel denne sesongen. Vi ønskjer dei to laga som skal i aksjon denne veka lukke til med sesongstarten, og vi kjem tilbake med jamnlege oppdateringar om korleis det går gjennom sesongen.

Det kjem også ei samla oversikt over heimekampane for Hafslo IL sine lag så snart den er klar! Håpar mange kjem og støttar laga frå Hafslo IL på heimekampane denne sesongen!