Vil du hjelpa til under Lerum Cup 2017?

 

Årets Lerum Cup i fotball blir arrangert 30.juni til 2.juli. Det blir som vanleg full aktivitet i Moane frå kl 8 om morgonen til kl 20 om kveldane.

Halve Vestlandet kjem til Moane. Kjem du ?

Hafslo Idrettslag har den viktigaste dugnaden sin denne helga. Den frivillege innsatsen gjev viktige kroner i klubbkassa. Det er denne helga som gjer at Hafslo IL kan oppretthalde stor og variert aktivitet, og ha medlemsavgifter og treningsavgifter som andre klubbar berre kan drøyma om.

Men til dette treng me di hjelp. Om du kan ta ei vakt på parkeringa, steika sveler, dømma kampar, hjelpa til med skulevakthald, koka kaffi eller stå i kiosken, er me takknemlege for det du ønskjer å bidra med. Som løn blir du med i idrettslaget sin store dugnadsgjeng, og får vera ein del av den imponerande turneringa og fotballfesten som trekker fleire tusen til Moane i juni/juli kvart år. Mat og drikke under vakta får du hos oss.

Du kan sjølv bestemma kva gruppe i idrettslaget du vil skal nyta godt av innsatsen din.

Du bestemmer også både vaktdag og vaktlengde.

Send epost til Jan Ølnes janolnes@gmail.com eller ring 95 12 17 11, om du ønskjer å vera på parkering,

Ring Erna Hamrum, 99 39 56 32 eller send epost til erna.hamrum@sfj.no viss du ønskjer å bidra med andre oppgåver !