Betal med VIPPS i kiosken i Moane under Lerum Cup 2017

Hafslo IL har blitt VIPPS-kunde, og tilbyr for første gong denne betalingsløysinga som alternativ i kiosken under Lerum Cup 2017. Det er også mogleg å betale med kontantar og kort som tidlegare. NB: For dei som vil betale med kontantar, oppmodar vi om at de nyttar minibank i Sogndal eller i Hafslo sentrum før de kjem til Moane.

Om du ikkje allereie har lasta ned VIPPS-appen, finn du informasjon om korleis du enkelt gjer dette på www.vipps.no.

Når du har lasta ned og installert VIPPS-appen på mobilen, kan du søkje på «Hafslo Idrettslag» eller vårt VIPPS-nummer 114316. Då kjem du til denne menyen:

Inne i appen, kan du velje om du vil taste inn eit totalbeløp og betale det varene kostar. Eller du kan gå inn på «Meny» og velje varene du vil kjøpe sjølv. Vi har lagt inn to menyar for «Kiosk Sør» og «Kiosk Nord». Dei ulike kioskane er skilta i Moane. Før du får utlevert varene, må du vise kvittering på at beløpet er betalt til dei som står i kiosken.

Vi håpar mange nyttar seg av VIPPS som betalingsform under årets Lerum Cup i Moane.