Dugnadsliste kiosk Lerum Cup 2017

 

Årets Lerum Cup i fotball blir arrangert 30.juni til 2.juli. Det blir som vanleg full aktivitet i Moane frå kl 8 om morgonen til kl 20 om kveldane.

No er dugnadslista for kiosken sett opp, og blir sendt ut per e-post til alle som er sett opp på dugnad. Dugnadslista finn du også her:  DUGNAD KIOSK LERUM CUP 2017

Hafslo Idrettslag har den viktigaste dugnaden sin denne helga. Den frivillege innsatsen gjev viktige kroner i klubbkassa, og det er denne helga som gjer at Hafslo IL kan oppretthalde stor og variert aktivitet, med så låge medlems- og treningsavgifter som mogleg. Vi er avhengige av at alle bidreg, og det er viktig at alle stiller opp på dei vaktene dei er sett opp på.

Vi har plass til fleire dugnadsfolk, om det framleis finst nokon som kan tenkje seg å bidra under årets Lerum Cup-helg. Som løn blir du med i idrettslaget sin store dugnadsgjeng, og får vera ein del av den imponerande turneringa og fotballfesten som trekker fleire tusen til Moane i juni/juli kvart år. Mat og drikke under vakta får du hos oss.

Du kan sjølv bestemma kva for gruppe i idrettslaget du vil skal nyta godt av innsatsen din.

Ring Erna Hamrum, 99 39 56 32 eller send epost til erna.hamrum@sfj.no dersom du ønskjer å bidra med dugnadsinnsats under årets fotballfest i Moane 30.juni til 2.juli 2017!