Klart for fotballfest i Moane

Nok ein gong er det klart for fotballfest i Moane, Sogndal og Kaupanger når Lerum Cup 2017 sparkar i gong i morgon tidleg kl.0800!

I år er det 74 spelarar frå Hafslo IL som er med på turneringa, fordelt på 8 lag. Vi ønskjer alle laga lukke til!

Hafslo J11/12 er først ute med kamp fredag 30.juni kl.0800 mot Hetlevik Havsol på bane L08 i Moane. Dei ti jentene skal spele totalt 5 kampar i løpet av helga. Kampane fredag og laurdag går i Moane, og jentene avsluttar på Kaupanger søndag 2.juli kl. 0900 mot Erdal Villkattene.

Hafslo G10 stiller med to lag under årets Lerum Cup. Dette er ei blanding av G9+G10 spelarar, og dei 16 gutane startar turneringa med kamp på Kaupanger fredag 30.juni kl.0940 mot IL Bjørn. Hafslo G10 spelar fire kampar på Kaupanger fredag 30.juni, fire kampar i Moane laurdag 1.juli og to kampar på Kaupanger søndag 2.juli.

Hafslo J9/10 er åtte spelarar, og åpningskampen går på Kaupanger kl.1030 mot Sogndal J11. Jentene skal spele to kampar på Kaupanger fredag, og deretter tre kampar i Moane laurdag og søndag.

Hafslo G13/14 skal i år spele alle sine kampar i Moane. Åpningskampen går mot Austevoll 2 kl.1030 på bane L01. Her tel alle poeng med tanke på sluttspel, så vi håpar mange møter opp og heiar på gutane i åpningskampen. Gutane spelar tre innleiande kampar, og så blir det anten A- eller B-sluttspel etter det!

Hafslo J13/14 startar sitt cupeventyr fredag 30.juni kl.1350 mot Langevåg J14 på bane L03 i Moane. Jentene skal spele alle sine tre innleiande kampar i Moane, og så får vi sjå om det blir A- eller B-sluttspel på laurdags ettermiddag! Vi håpar mange møter opp og heiar på dei flinke fotballjentene!

Hafslo G11/12 stiller to lag under årets turnering, og skal sist i aksjon blant Hafslo IL sine lag. Hafslo G12 2 møter Stranda IL G12 i sin første kamp kl.1530 ved bane L06 i Moane. Like etter skal Hafslo G12 1 i aksjon mot Volda på bane L08 kl.1620. Hafslo G12 1 skal spele alle sine 5 kampar i Moane, medan Hafslo G12 2 skal spele to kampar i Moane fredag, to kampar på Kaupanger laurdag og to kampar i Moane søndag 2.juli.

Kampoppsettet for Hafslo IL sine lag finn du her: Hafslo IL – kampar Lerum Cup 2017

På www.lerumcup.no kan du også følgje med på resultatoppdatering for Hafslo IL sine lag via denne lenkja: Hafslo IL – Lerum Cup 2017

Vi ønskjer alle spelarar, trenarar, oppmenn, foreldre og dugndsfolk lukke til med årets turnering!