Haustmarknad 2017

Komande helg arrangerer Hafslo IL marknadshelg. For dei som enno ikkje har fått kjøpt lodd, vert det stand med sal av lodd mm. i sentrum laurdag 4.november 2017.

Søndag 5.november 2017 vert det Haustmarknad i Samfunnsbygget frå kl.15. Det vert mellom anna utdeling av premiar for barnetrim og Trimmian 2017. Det blir som vanleg åresal, amerikansk auksjon mm.

Servering av kaffi, saft og kaker.

Håpar mange i bygda tek turen til årets Haustmarknad i regi av Hafslo Idrettslag.