Mange lag frå Hafslo IL skal spele KM Futsal Innandørs i helga

I helga er det innleiande kampar i KM Futsal Innandørs 2018, og Hafslo IL har med 8 lag. Det er fire jentelag og fire gutelag med spelarar i alderen 13-16 år.

Laga frå Hafslo IL skal spele sine innleiande kampar i Øvre Årdal og i Gaupne laurdag 3. og søndag 4.februar. Vi håpar at laga våre presterer godt i helga, og at vi får med fleire lag til sluttspelet på Sandane første helga i mars.

Desse laga skal i aksjon laurdag 3.februar:

  • Gaupne: Hafslo G13 (to lag) og Hafslo J15
  • Øvre Årdal: Hafslo J13 og Hafslo G15

Desse laga skal i aksjon søndag 4.februar:

  • Gaupne: Hafslo J14
  • Øvre Årdal: Hafslo J16 og Hafslo G16

Fullstendig kampoppsett og resultatoppdatering finn de på kretsen sine sider via denne lenkja

Vi vil legge ut bilete og oppdateringar på facebook-sida vår om korleis det har gått i løpet av helga.

Vi ønskjer laga våre lukke til under årets KM i Futsal innandørs!