Flott innsats under veteran-VM i Planica 2018

   

I førre veke vart årets veteran-VM i hopp og kombinert arrangert i Planica. Jon Ove Lomheim og Ove Fredheim representerte Norge og Hafslo IL, og dei to utøvarane kjem heim med heile 5 VM-medaljar i bagasjen.

Jon Ove vann to bronsemedaljar i hopp K-30 og i kombinert lagkonkurranse. Ove vann tre bronsemedaljar i kombinert, lagkonkurranse i hopp og i lagkonkurranse kombinert. Fem bronsemedaljar i veteran-VM til utøvarar frå Hafslo IL er imponerande. I tillegg til medaljane hadde både Jon Ove og Ove fleire flotte plasseringar i løpet av meisterskapen.

RESULTAT FRÅ ÅRETS VETERAN-VM I PLANICA 2018:

Onsdag 7. mars hopp K-62 meter:

Klasse 60-65 år: Jon Ove Lomheim nr.9

Klasse 50-55 år: Ove Fredheim nr.6

 

Torsdag 8.mars, hopp K-30 meter:

Klasse 60-65 år: Jon Ove Lomheim 3.plass og bronsemedalje

Torsdag 8.mars, kombinert:

Klasse 60-65 år: Jon Ove Lomheim 4.plass

Klasse 50-55 år: Ove Fredheim 3.plass og bronsemedalje

Fredag 9.mars, hopp stor bakke:

Klasse 50-55 år: Ove Fredheim nr. 4 etter hopp på 82 og 83 meter.

Laurdag 10. mars. lagkonkurransar hopp og kombinert:

 

Ove Fredheim deltok på Norge sitt lag som fekk 3.plass og bronsemedalje i laghopp

Ove Fredheim og Jon Ove Lomheim deltok begge på Norge sitt lag som fekk 3.plass og bronsemedalje.

Vi gratulerer både Jon Ove og Ove med flott innsats under årets veteran-VM!