Skicupen avslutta eventyrleg sesong onsdag 21.mars 2018

Årets skicup i regi av Barneidrettsgruppa, Langrennsgruppa, Hoppgruppa og Alpingruppa hadde avslutning på Heggmyrane onsdag 21.mars 2018.

Det har vore strålande forhold og imponerande deltaking på årets skicup. Heile 125 born fekk flotte premiar under avslutninga i kafeen på Sogn Skisenter. Alle fekk Telenor-premie, og ekstra premie til alle som har delteke på skicupen minst fem gongar i løpet av vinteren! Her vart det også servert kveldsmat til både born og foreldre!

Det har vore ein kjempesesong for skileik, langrenn og ikkje minst skihopp i løypene og anlegget til Sogn Skisenter på Heggmyrane.

   

Stor takk til alle deltakarane, Barneidrettsgruppa, Langrennsgruppa, Hoppgruppa, Alpingruppa, Sogn Skisenter og alle andre som har bidrege til stor aktivitet og skiglede for dei yngste skistjernene våre gjennom vintersesongen!