Klubbkolleksjonen til Hafslo IL

Hafslo IL har vedteke å utvide klubbkolleksjonen med t-skjorte og bag med verknad frå 5.april 2018. Frå før har det vore mogleg å kjøpe jakke, gensar og bukse, og no er det også mogleg å kjøpe t-skjorte og bag i tillegg til klubbpris.

Bilete og nye prisar på klubbkolleksjonen gjeldande frå 26.mars 2018 finn de i denne lenkja:

Klubbkolleksjon Hafslo IL

Alle produkt blir levert med klubblogo og sponsormerke (NB: det er ikkje klubblogo eller merke på buksa).

Jakke, gensar og bukse kan alle kjøpe på Sport 1 Sportsbui i Gaupne.

Bag og t-skjorte må bestillast Bestilling kan sendast til leiar@hafslo-il.no, evt kan de høyre om lagleiaren dykkar ønskjer å organisere bestiling og sende samla for kvart lag. NB: Hugs å opplyse om produkt og storleik. Informasjon om betaling kjem i ettertid.

Plotternamn og initialer

Om nokon ønskjer initialar eller plotternamn kjem det i tillegg til prisane ovanfor. Pris for initialer/plotternamn er kr.8 per bokstav.

På gensar eller jakke kan de bestille fornamn eller etternamn på ryggen. På bukse kan de bestille initialer. På t-skjortene kan de velje fornamn eller etternamn på rygg, eller initialer på front. På bagen kan de bestille initialer på lokket, eventuelt korte namn.

All bestilling av initialer/plotternamn må sendast til leiar@hafslo-il.no.

Eventuelle spørsmål om klubbkolleksjonen kan rettast til leiar@hafslo-il.no.