Per Birger Lomheim fekk utmerking på idrettskrinstinget 14.april 2018

I november 2017 vart Per Birger Lomheim nominert som Sogn og Fjordane idrettskrins sin kandidat til prisen «Årets ildsjel 2018». Samstundes vart han vinnar av prisen «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018». Per Birger fekk utdelt den gjeve prisen under idrettskrinstinget i Sogndal laurdag 14.april 2018.

Per Birger mottok prisen for sitt enorme frivillige arbeid for idretten i Hafslo IL, i Luster kommune og heile fylket. I meir enn 50 år har Per Birger vore aktiv, leiar, trenar og eit stort førebilete for born og unge. Han har delteke i frivillig arbeid i form av leiarverv, styreverv, trenarverv og dugnadsarbeid generelt i Hafslo IL, Luster idrettsråd, Sogn og Fjordane skikrins og anna organisasjonsarbeid innan både kultur og næringsliv i fleire tiår. På idrettskrinsen sine sider, kan de lese meir utfyllande om grunngjevinga for utmerkinga

Per Birger bidreg framleis svært aktivt i idrettsarbeidet, mellom anna som leiar av hoppgruppa i Hafslo IL og styremedlem i Luster idrettsråd. Det er med andre ord ein svært velfortent pris som Per Birger fekk utdelt på idrettskrinstinget!

Hafslo IL gratulerer Per Birger med velfortent utmerking, og er svært stolte av at ein av våre medlemer har fått denne prisen. Det er vanskeleg å sette ord på den enorme frivillige innsatsen Per Birger har lagt ned for idretten i meir enn 50 år, og som igjen har vore medverkande til stor og allsidig aktivitet for enormt mange born, unge og vaksne gjennom fem tiår!  Per Birger er eit stort førebilete for frivillig arbeid innan idretten, og at han fekk prisen som «Årets frivillig i fylket – idrettsnamnet 2018» er til stor inspirasjon og glede for alle andre som bidreg med frivillig arbeid og aktivitet i idrettslaget!