Vil du vere med på TINE Fotballskule Hafslo 2018?

  

Fotballgruppa på Hafslo arrangerer også i år TINE Fotballskule siste veka av skuleferien! TINE Fotballskule Hafslo 2018 vert arrangert i Moane tysdag 14.august til torsdag 16.august kl.10-14 kvar dag.

Fotballskulen er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Fotballskulen er for alle, og det er ikkje eit krav at du har vore med på fotball tidlegare.

Meir informasjon om deltakaravgift, påmelding mm. finn du her: Invitasjon TINE Fotballskule Hafslo 2018

Påmelding til ovemidtbo@hotmail.com eller SMS til 41375655. Hugs namn/alder ved påmelding.

PÅMELDINGSFRISTEN ER 1.AUGUST 2018.

Vi håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo, og vi kan love at det blir mykje fotballaktivitet og moro også på årets TINE FOTBALLSKULE!