Klar for Norway Cup 2018

Fem lag frå Hafslo IL skal delta på årets Norway Cup 28.juli til 4.august. I dag set 59 spelarar med trenarar, lagleiarar og foreldre kursen mot Oslo for å delta på verdas største fotballturnering for born og unge mellom 10 og 19 år.

Aldri før har Hafslo IL delteke med så mange spelarar og lag under Norway Cup. Med spelarar, trenarar, foreldre og søsken, er det ein stor gjeng på om lag 150 personar frå Hafslo som samlast i Oslo den komande veka.

I kveld er det åpningsparade og åpningsshow, og søndag startar kampane der alle fem laga frå Hafslo IL spelar sine første innleiande kampar.

Hafslo IL stiller lag i følgjande klassar:

J13 – 9ar, G13 – 9ar, J14 – 7ar, J15/16 – 7ar og G15/16 – 7ar.

På www.norwaycup.no finn de informasjon og fullstendig kampoppsett og kan følgje med på resultata frå kampane. Oppsett og resultat frå Hafslo IL sine kampar finn de via denne lenkja: Kampar og resultat – Hafslo IL

Det kjem sjølvsagt oppdateringar om korleis det går både på heimesida og facebook-sida vår i dagane som kjem, så følg med!

VI ØNSKJER SPELARAR, TRENARAR, LAGLEIARAR, FORELDRE OG ALLE SUPPORTERANE FRÅ HAFSLO IL LUKKE TIL UNDER ÅRETS NORWAY CUP!!