Cupeventyret held fram på Norway Cup 2018

Etter at dei innleiande kampane var ferdige på tysdag 31.juli, var det klart at tre av dei fem laga frå Hafslo IL var klare for A-sluttspelet og to lag klare for B-sluttspelet. Sluttspelkampane starta onsdag 1.august, og det vart litt av nokre cupkampar for laga og supporterane frå Hafslo IL.

Hafslo G13 spelte 1/32-delsfinale i A-sluttspelet mot JK Tabasalu frå Estland. Etter ein jamn første omgang, der stillinga var 1-2 til det estiske laget ved pause, vart det dessverre ein tøff andreomgang på mange måtar, der JK Tabasalu til slutt vann 5-2. Cupeventyret fekk dermed ein brå slutt for Hafslo G13. Men gutane har god grunn til å vere nøgde med innsatsen etter måslhow og festfotball store delar av turneringa.

Hafslo J13 var ubeseira i gruppespelet, og møtte Grei SF i 1/16-delsfinalen i A-sluttspelet. Jentene var dessverre uheldige i den kampen, og tapte 1-2 etter heroisk innsats. Det betyr at cupeventyret også er over for J13-jentene. Men jentene har spelt strålande fotball stort sett heile turneringa, og skal vere godt nøgde med innsatsen.

Hafslo J14 møtte Rolvsøy i 1/8-dels finalen i B-sluttspelet. Det vart ein svært spanande kamp, der Rolvsøy til slutt vann 4-3. Dermed tok også cupeventyret slutt for dei supre J14-jentene. Men jentene har god grunn til å vere godt nøgde med innsatsen. Siste innleiande kamp i gruppespelet vart sendt direkte på nett-tv, og då storspelte jentene og vann heile 7-0. Laget har dessutan positiv målskilnad etter fire kampar med 10-6! Kjempeflott innsats.

Hafslo G15/16 møtte Tus Felde frå Tyskland i 1/8-delsfinalen i B-sluttspelet. Hafslo-gutane var overlegne, og vann til slutt 4-2. Imponerande innsats, og gutane er klare for kvartfinale mot Batnfjord torsdag 2.august kl.1315. Det betyr at Hafslo G15/16 framleis er med på cupeventyret, og det blir spanande å følgje gutane vidare.

Så har vi dei fantastiske Hafslo J15/16-jentene som verkeleg imponerer. Jentene kom til A-sluttspelet etter to overlegne avsluttande innleiande kampar tysdag. Hafslo J15/16 møtte Syril i 1/16-delsfinalen på Ekebergsletta onsdag, og vann 2-0. Fantastisk prestasjon og magisk stemning blant supporterane på sidelinja. Så var det 1/8-delsfinale seinare på kvelden mot Hordabø. Hafslo-jentene vann kampen 2-1, og er no klare for kvartfinale i A-sluttspelet i Norway Cup! Dette er både fantastisk og historisk, og cupeventyret held fram. Dei supre fotballjentene skal spele kvartfinale på Ekebergsletta i dag torsdag 2.august kl.12 mot Oppdal eller Hareid. Det blir utruleg spanande å følgje cupeventyret til Hafslo J15/16 vidare, og vi drøymer om finale! FANTASTISK!

Oppsummert er både Hafslo G15/16 og Hafslo J15/16 framleis med på cupeventyret, og vi kryssar fingrane og heiar på laga i kampane som kjem!

Så må vi også nemne dei fantastiske foreldra og supporterane frå Hafslo som lagar ei fantastisk stemning rundt kampane. Dei gir laga ei fantastisk støtte frå sidelinja!

Det har vore magiske dagar i Oslo så langt, og vi trur det kan bli endå meir moro også dei to neste dagane. Følg med på facebook-sida for oppdateringar i løpet av dagen. Det ligg an til nok ein fantastisk cupdag for Hafslo IL på Norway Cup 2018. HEIA HAFSLO!