Historisk cupdag på Norway Cup 2018 – Hafslo G15/16 klar for finale i B-sluttspelet

  

Torsdag 2.august 2018 vart det skrive fotballhistorie på Ekebergsletta for Hafslo IL under årets Norway Cup. Hafslo G15/16 spelte semifinale i B-sluttspelet mot Træff i går kveld og vant 4-3. Det betyr at eit lag frå Hafslo IL skal spele finale i B-sluttspelet for første gong i historia. Ein flott og utruleg imponerande prestasjon av Hafslo-gutane og trenarteamet! Og det har vel aldri vore samla så mange Hafslobygdingar på Ekebergsletta nokon gong, som under semifinalen på Ekebergsletta i går kveld!

Norway Cup 2018 har vore eit eventyr på mange måtar for laga frå Hafslo IL. Alle laga har prestert godt og spelt god fotball. Og med den store heiagjengen frå Hafslo, har det vore ei utruleg stemning og ramme rundt kampane. Og no har altså Hafslo G15/16 klart å kome til finalen i B-sluttspelet, og toppar ei fantastisk fotballveke for Hafslo IL. I dagens finale, fredag 3.august kl.12, ventar Tornado Måløy FK på bane 7B EK7! Vi håpar gutane, trenarane og supporterane frå Hafslo IL får ei lukkeleg avslutning på cupeventyret!

Vi må heller ikkje gløyme Hafslo J15/16 som også spelte ein historisk kvartfinale i A-sluttspelet mot Hareid på Ekebergsletta tidlegare på dagen i går. Dessverre vart Hareid for sterke, og Hafslo-jentene tapte kvartfinalen 0-3. Men det er ein imponerande prestasjon å kome til kvartfinale i A-sluttspelet i verdas største fotballturnering for barn og unge, og ein historisk god prestasjon det også. Vi skal vere stolte og imponerte av innsatsen til Hafslo-jentene og støtteapparatet!

Dagens finale i B-sluttspelet blir streama direkte på nett-tv, mellom anna via denne lenkja: https://pluss.nettavisen.no/norwaycup/direktesending/tornado-maloy-fk-hafslo-il/v/5-91-49133

Om du er i Oslo, bør du ta turen til Ekebergsletta på bane 7B EK7 kl.12 i dag og heie på Hafslo G15/16 i finalen!

VI ØNSKJER GUTANE, TRENARANE OG SUPPORTERANE LUKKE TIL I FINALEN! HEIA HAFSLO!