Takk til alle som støtta oss under Haustmarknaden 2018!

  

Årets Haustmarknad vart arrangert førre helg (3. og 4.november), og takka vere gode sponsorar og andre støttespelarar kunne idrettslaget tilby flotte gevinstar under arrangementet på Hafslo Samfunnshus førre søndag. Vi set stor pris på alle som støtta oss i samband med marknadshelga, og som gjer at vi sit att med eit flott overskot som vi kan nytte til variert og allsidig aktivitet til medlemene i idrettslaget vårt framover.

Det vart nok eit flott arrangement i samfunnsbygget på søndag, der Trimgruppa som vanleg heidra alle dei spreke medlemene våre for god triminnsats gjennom året.

                    

Vi ønskjer å takke følgjande sponsorar, bedrifter og andre for støtta vi fekk under årets Haustmarknad : (NB: Oversikta nedanfor er ikkje i prioritert rekkjefølgje)

Luster Sparebank, NTP Avery Dennison, Sport 1 Sportsbui, GT Bil AS, Hafslo Bilsenter, Loen Active, Eikum Hotell, Walaker Hotell, Quality Hotel Sogndal, Bestebakken, Lustraporten, Sogn Skisenter, Hans Nes Bygg AS, Pyramiden Senter, Luster Energiverk, Hafslovatnet Grunneigarlag, Bremerfjøsen, Stedje Gartneri, Synsam, Perry Frisør, Kafè Krydder, Erling Fardal Sport, MENY Sogndal, Joars Catering, Toyota Sogn, Familien Hår og Skjønnhet, Holene Transport AS, Gilde Sogndal, EIK-senteret, Røyrleggjarservice Ola Skophamar AS, PGP, Lillys Frisør, Statkraft, Sogn Alu Design, Luster Tannklinikk, Josvanger Elektro, Trixie Frisør, Marianne Hansen, Espeland Murarforretning, Magnar Høyum, Byggmix Gaupne, Europris, Pryd og Brukskunst, Møbelringen, Berge & Co, Statoil Sogndal, LMI, Lerum AS, Statens vegvesen, Apotek 1 Sjøkanten, TESS, Leirdal Foto, Mango Design, Øvrebø Fargehandel, Nybø Blomster og Gartneri, Radio Luster, Luster Trelastlager, Brødrene Lomheim AS, Fargerike Sogndal, Lustrabadet, Hillestad Traktorservice AS, SPAR Hafslo, Mix Sogndal, Eplet Bed & Breakfast, Digital Etikett, Felleskjøpet, Luster Treningssenter, Coop Prix Gaupne, Drevdal Bygg.

(Vi håpar at vi har fått med alle som støtta oss i oversikta ovanfor. Om nokon skulle mangle, er det fint om de melder i frå til leiar@hafslo-il.no, slik at vi kan få lagt til i oversikta)

Vi gratulerer alle som vann flotte gevinstar, og vinnarane som ikkje var tilstades under trekninga i Samfunnsbygget førre søndag vert kontakta.

I tillegg vil vi takke Hafslo Barne- og ungdomsskule for lån av samfunnsbygget, marknadsnemnda, alle særgruppene loddseljarane og alle andre frivillege som bidrog i samband med årets Haustmarknad! Takk også til alle som kjøpte lodd og som møtte på standen vår i sentrum på laurdag og på marknaden i Samfunnsbygget på søndag! TUSEN TAKK ALLE SAMAN!