God Jul og Godt Nyttår!

    

Vi nærmar oss slutten av 2018, og Hafslo Idrettslag kan sjå tilbake på nok eit aktivt idrettsår.

Tusen takk til alle medlemer, utøvarar, dugnadsfolk, sponsorar og alle andre støttespelarar for innsatsen i 2018. De gjer ein fantastisk innsats for idrettslaget vårt alle saman!

Vi ønskjer dykk alle ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår, og ser fram til eit nytt flott og aktivt idrettsår i 2019!

Julehelsing frå Styret i Hafslo Idrettslag