Barneidrett våren 2019

Etter ei flott påske, er våren endeleg komen til Hafslo. Barneidretten startar opp onsdag 24.april med sykkelaktivitet på skuleplassen. Heile vårprogrammet for Barneidretten fram til 19.juni finn de i lenkja nedanfor.

Alle særgruppene i Hafslo Idrettslag samarbeider om tilrettelagte aktivitetar for alle born i alderen frå ca 5-6 til ca 12 år. Sjølv om fotballtreningane for miniputtane utgjer hovedtyngda av vårprogrammet, tilbyr Barneidretten likevel eit variert aktivitetstilbod med sykling, turbingo og turar i nærmiljøet, friidrett og orientering. Torsdag 13.juni er det planlagt avslutningstur til Måsaviki.

Barneidretten er eit tilbod til alle betalande medlemer i Hafslo Idrettslag. Informasjon om medlemsskap i Hafslo Idrettslag finn du her.

Oppmodar alle om å følgje med på Facebook-sida vår for oppdateringar og eventuelle endringar i programmet!

Vi håpar mange born ønskjer å delta på aktivitetane i regi av Barneidretten i Hafslo IL våren 2019!