Barneidrett haust 2019

Barneidrettsgruppa har sett opp eit variert program for barneidretten hausten 2019.

Barneidretten er eit tilbod til betalande medlemar i Hafslo IL i alderen 0 til 11 år. og gir ei samla oversikt over organiserte aktivitetar Hafslo IL har for born i denne aldersgruppa. FRÅ måndag 14.oktober skjer alle aktivitetane i gymsalen, med unntak av onsdag 27.november. Då vert det avslutning i Skjolden Fjordstove med klatring, bading og kvelds til alle (NB: hugs påmelding).

For born i alderen 6 til 11 år er det aktivitetstilbod på måndagar og onsdagar. Måndagane vert brukt til å utvikle motoriske basisferdigheitar, med hinderløype, dans, turn, stasjonar, leik m.m. Onsdagar vert det balldag, og fotballgruppa har ansvar for denne tida. Det er opp til foreldre og born om de vil vere med ein eller to gonger i veka.

Barn 0-5 år har eigen tid i gymsal tysdagar kl 17.00-18.00 til frie aktivitetar. Eigne reglar for desse aktivitetane heng i gymsalen, og vert formidla i facebook gruppa. NB: Gymsalen er oppteken tysdag 15.oktober, så første økt for småbarnstrimmen blir tysdag 22.oktober kl.17.00-18.00. Bruk inngang på nedsida av samfunnshuset.

Alle vert oppmoda om å sjekke heimesida til Hafslo IL jamnleg, då det kan skje endringar i programmet: www.hafslo-il.no. Endringar og suppleringar vert og lagt ut på Facebook sida til Hafslo IL. Hugs å lik Hafslo IL på Facebook!

Heile barneidrettsprogrammet, med kontaktinformasjon om de har spørsmål finn de i lenkja nedanfor.