Sportsplanen for Fotballgruppa skal reviderast

Sportsplanen for Fotballgruppa i Hafslo IL skal reviderast, og Fotballgruppa ønskjer innspel til ny Sportsplan for 2020-2022. Gjeldande sportsplan finn de i lenkja nedanfor, og alle medlemer i Hafslo IL vert oppmoda om å kome med innspel til endringar.

Føremålet med Sportsplanen er å vere eit styringsverktøy for Fotballgruppa. Den skal gje retningslinjer for den sportslege aktiviteten i klubben, og skal vere med på å utvikle klubb, spelarar, trenarar og dommarar i positiv retning. Sportsplanen skal saman med handlingsplan og årshjul vere dei rettleiande dokumenta i det daglege arbeidet i Fotballgruppa.

Sportsplanen har følgjande hovudpunkt:

  • Innleiing
  • Målsetjingar for Fotballgruppa Hafslo IL
  • Fotballgruppa – funksjon og organisering
  • Differensiering og hospitering
  • Turneringsdeltaking
  • Dommarar – rekruttering

Eventuelle innspel til endringar i Sportsplanen kan sendast til leiar i Fotballgruppa Norill Terese Norheim, per e-post til norill_norheim@hotmail.com innan tysdag 10.desember 2019.

På grunnlag av innkomne innspel, vil Fotballgruppa sende endeleg framlegg til ny Sportsplan 2020-2022 som sak for årsmøtet i Hafslo IL i februar 2020.