Barneidrett vinter 2020

Vintersesongen er i gong, og Barneidrettsgruppa har sett opp eit innhaldsrikt program, sjå lenkje til vinterprogrammet nedanfor.

Onsdagar vert det skicup som vanleg, og oppstart er onsdag 15.januar 2020 kl.17.15-18.00. Det vert registrering frå kl 17.15-18.00. Startkontingent er kr. 50,- for kvart born som deltek. Kontigenten kan betalast kontant som før ved oppmøte, eller via Hafslo IL sin VIPPS-konto, nr. 114316. Tidtaking kl. 18.00. Også i år vert det lagt opp til ulike skileik aktivitetar på Heggmyrane i samband med onsdagscupen.

NB: I år vert skicupen arrangert i sprintløypa, som ligg 50 meter bak verkstadbygget. Parker på den øvre parkeringsplassen!

Det ligg trimbok i postkassa på 5-km løypa. Dette er ein kjekk tur for alle.
I tillegg vert det mogleg å prøve seg på hopp i bakken over skisenteret etter skicupen for dei som ynskjer det.

Det vert Telenorkarusell hopp/ skicross følgjande onsdagar: 29.01, 05.02, 12.02 og 18.03

Alpingruppa arrangerer Telenorkarusell desse tysdagane 28.01, 04.02, 11.02 og 17.03.

Onsdag 25.mars 2020 vert det avslutning med kveldsmat og premieutdeling i kafeen på skisenteret. Alle registerte får premie, i tillegg vert det pokal til dei som har delteke fem gongar eller meir. Dei som ikkje deltek på avslutninga, men som skal ha premie; ta kontakt.

Andre idrettsaktivitetar særgruppene i HIL har tilbod om i vinter for born i barneidrettsalder:

Tysdagar:

Kl 17.00-18.00: Småbarnstrim i gymsalen (Under skulealder) (Partalsveker fram til påske)

Kl 18.00-19.00: Skitrening langrenn. Frå ca 8 år, kontakt evt Elise Landøy ved spm.

Onsdagar:
Kl 18.00 – 18.45: Alpintrening (slalåm og storslalåm) for 3., 4. og 5.klassingar

Kl 18.45 – 19.30: Alpintrening (slalåm og storslalåm) for 6.klasse og eldre. Kontakt Lars Olav Halleråker ved spm.


Torsdagar:
Hopp i Kvamsbakken, evt Heggmyrane. Kontakt Jon Ove Lomheim ved spm.

Alle born er velkomne til å vera med, einaste kravet er at ein må vera medlem i Hafslo Idrettslag.

Evt endringar i programmet vert lagt ut på nettsida vår www.hafslo-il.no og på Facebook-sida vår. Gå gjerne inn på Hafslo Idrettslag på Facebook og lik sida vår.

Lenkje til vinterprogrammet 2020: