HOPPTRENING OG SFE-CUP PÅ SOGN SKISENTER 3. og 5.MARS FRÅ KL.18

Det er dessverre ikkje mogleg å hoppe i Kvamsbakken på grunn av snøtilhøva så langt denne sesongen. Men i samarbeid med Sogn Skisenter inviterer hoppgruppa til hopptrening og SFE-cup i hopp tysdag 3. og torsdag 5.mars frå kl.18.

Det er no laga til fire bakkar på Sogn Skisenter på Heggmyrane med hoppstorleik frå 2 meter til 25 meter.

HOPPTRENING PÅ SOGN SKISENTER TYSDAG 3.MARS frå kl 18. Dei som er med tysdag, men ikkje kan vere med torsdag blir registrert i SFE-cupen.

SFE-CUP PÅ SOGN SKISENTER TORSDAG 5.MARS frå kl.18. Denne kvelden vert det lagt inn lengdemåling i tre omgangar med fire ulike hoppstorleikar frå 2 meter og oppover til 25 meter (fritt val av hoppstorleik).

Ikkje krav til skiutstyr, og hoppgruppa låner ut 10 hoppskispar i ulike lengder (4 skipar har NN-binding for vanlege langrennsko).

INFO: Kontakt Jon Ove (tlf 9721076) eller Per Birger (97198502)

Premie til alle (+ varm saft frå Lerums) etter hoppinga.