Vil du vera med og arrangera Hafslovatnet Rundt?

Bilete frå Hafslovatnet Rundt 2018 som vart arrangert palmesøndag på Heggmyrane

Hafslo Idrettslag må få på plass ei nemnd som kan arrangera Hafslovatnet Rundt frå 2021. Nemnda må ha 4–6 personar, og kanskje er du ein av dei?

Ei av sakene på årsmøtet for 2019 torsdag 13.februar 2020, var avvikling av Hafslovatnet Rundt frå 2021. Årsmøtet vedtok å utsetje avgjerda, og gjere eit siste forsøk på å få på plass ei nemnd som kan ta ansvar for å arrangere turrennet framover. Dersom vi ikkje får på plass ei slik nemnd innan 1.mai 2020, står rennet i fare for å bli avvikla.

Tradisjonsrikt renn

Hafslovatnet Rundt er eit tradisjonsrikt turrenn, som har blitt arrangert på palmesøndag sidan 1962. Det var fest i heile bygda då Hafslovatnet Rundt vart arrangert, og særleg stas var det då nasjonale skistjerner tok turen hit for å delta. Rennet gjekk opphavleg på isen, og seinare rundt i bygda, før det dei siste åra har vore arrangert på Heggmyrane.

I 2013 var det 50-årsjubileum, og då deltok til saman 317 deltakarar – i konkurranseklassane og trimklassen. Siste gong rennet vart arrangert – i 2018 (53. utgåve) – var det 64 deltakarar som gjekk på tid.

Avlysingar siste åra

Dei siste åra er det langrennsgruppa i idrettslaget som har hatt ansvaret for rennet. Grunna vêrtilhøva og kapasitet i langrennsgruppa, har det gjennom fleire år vore utfordringar med å få arrangert rennet.

I både 2017 og 2019 vart rennet avlyst på grunn av snømangel. Det kan difor vera aktuelt å flytta rennet til rundt vinterferien, men det kjem me tilbake til. Kanskje må me også sjå på forma på rennet, kanskje er tida for dei tradisjonelle turrenna forbi. Men alt dette må me ta stilling til seinare – det viktigaste akkurat no er å få på plass ei nemnd som kan arrangere rennet.

Vil du vera med og arrangera?

Vil du vita meir om rennet og arbeidet med å arrangera det – ta kontakt med leiar i idrettslaget, Ove Midtbø på telefon 41 37 56 55 eller e-post ovemidtbo@hotmail.com.