Hafslovatnet Rundt 2020 vert avlyst, men vil du vere med å arrangere i åra som kjem?


Årets Hafslovatnet Rundt som skulle vore arrangert søndag 5.april er avlyst på grunn av korona-situasjonen. Kva som skjer med det tradisjonsrike turrennet i åra som kjem er framleis uvisst.

Ei av sakene på årsmøtet for 2019 torsdag 13.februar 2020, var avvikling av Hafslovatnet Rundt frå 2021. Årsmøtet vedtok å utsetje avgjerda, og gjere eit siste forsøk på å få på plass ei nemnd som kan ta ansvar for å arrangere turrennet framover. Per i dag er det ingen som har meldt seg.

På grunn av korona-situasjonen utset Hafslo IL fristen for å melde interesse for å få på plass ein nemnd som kan arrangere Hafslovatnet Rundt frå 2021 til etter påske, dvs innan 13.april 2020. Dersom turrennet ikkje skal avviklast, treng vi å få på plass ei nemnd som kan arrangera Hafslovatnet Rundt frå 2021. Nemnda må ha 4–6 personar, og kanskje er du ein av dei?

Om du ønskjer å bidra og sitte i ei arrangementsnemnd for Hafslovatnet Rundt framover, må du melde i frå innan 13.april. Om du vil vere med å arrangere eller om du vil du vita meir om rennet og arbeidet med å arrangera det – ta kontakt med leiar i idrettslaget, Ove Midtbø på telefon 41 37 56 55 eller e-post ovemidtbo@hotmail.com.