Medlemsskap og trenings-/deltakaravgift sesongen 2020

Det har vore ein spesiell vår i år, der mykje av aktiviteten har vore sett på vent på grunn av korona-pandemien. Men no er idrettslaget godt i gong med treningar igjen, og det er kome signal om oppstart av seriekampar for dei aldersbestemte laga våre og seniorlaget kring skulestart til hausten.

På grunn av den særskilte situasjonen, har det ikkje vore prioritert å sende ut påminning for manglande betaling av medlemsskap eller trenings-/deltakaravgift for 2020. På styremøte måndag 25.mai, vart det bestemt at det vert sendt ut påminning til dei som enno ikkje har betalt, med siste frist for betaling 14.juni 2020.

Påminning om betaling av medlemsskap og trenings-/deltakaravgift skjer gjennom det elektroniske medlemsregisteret i Min Idrett, www.minidrett.no.
Alle registrerte medlemer får tilsendt ein e-post frå leiar@hafslo-il.no. E-posten vert sendt til den e-postadressa som vart lagt inn ved registrering i medlemsregisteret. NB: Om du ikkje får e-post, kan du sjekke søppel-innboksen din, då det kan skje at e-posten kjem der. Det kan også hende at nokon får fleire e-postar, t.d. dersom fleire familiemedlemer. Men det er tilstrekkeleg at du opnar ein av e-postane. Meir informasjon om korleis du betalar via Min Idrett finn de i denne lenkja: https://hafslo-il.no/2020/01/medlemsskap-2020/

Meir informasjon årets satsar for trenings-/deltakaravgift for 2020 finn de på heimesida vår: https://hafslo-il.no/treningsavgifter/

Alle som ønskjer å delta i aktivitetar i regi av Hafslo IL må vere medlemer og betale medlemsskap og eventuelt trenings-/deltakaravgift. Manglande betaling innan fristen 14.juni, vert følgt opp med individuelle skriv til dei som ikkje har betalt.

Om nokon får problem med å betale via Min Idrett eller av andre årsaker ikkje får betalt innan fristen, er det likevel viktig at alle tek kontakt med ansvarleg for medlemsregisteret Erna Hamrum per e-post til erna.hamrum@gmail.com eller til leiar Ove Midtbø per e-post til leiar@hafslo-il.no.