TINE Fotballskule på Hafslo 2020

Årets skuleferie nærmar seg slutten, og onsdag til fredag denne veka (12.-14.august) har Fotballgruppa i Hafslo IL arrangert TINE Fotballskule i Moane på Hafslo for jenter og gutar i alderen 6 til 12 år. Dette har vorte eit populært og tradisjonsrikt arrangement siste veka før skulestart, og vi er glade for at fotballskulen lot seg gjennomføre også i år trass korona-situasjonen i landet vårt.

66 jenter og gutar i alderen 6 til 12 år deltok på årets fotballskule på Hafslo, med deltakarar frå Hafslo, Gaupne, Veitastrond, Solvorn, Jostedal og Sogndal. Totalt var det 15 instruktørar og vaksne som var med å hjalp til i løpet av dei tre dagane fotballskulen varte.

Nydeleg sommarver og flotte grasbaner og speleforhold i Moane, skapte ei flott ramme for årets TINE Fotballskule. Dette gjorde det også enklare å organisere og gjennomføre fotballskulen i tråd med retningslinjene frå TINE Fotballskule/Norges Fotballforbund knytt til korona-situasjonen.Det var mellom anna faste grupper (maks 20 deltakarar), faste instruktørar og fast oppmøtestad for gruppene ute kvar dag. Alle gruppene hadde i tillegg sitt eige utstyr alle tre dagane, som vart vaska og reingjort etter kvar dag. Det var også lagt til rette for, og stort fokus på handvask og handdesinfeksjon i kvar av gruppene. I tillegg var det ekstra fokus på reingjering av toalett og opphaldsrom i klubbhuset før, under og etter fotballskulen.

Trass ein del tilpassingar under årets gjennomføring av fotballskulen, la ikkje det noko dempar på innsatsen og humøret til årets deltakarar. Det var imponerande innsats av alle i sommarvarmen, og stor fotballglede frå start til slutt. Alle deltakarane fekk TINE ryggsekk, TINE t-skjorte og fotball. I tillegg var det som alltid stor stas å få TINE sjokolademelk og TINE juice til lunsj kvar dag.

Fotballskulen vart avslutta fredag med utdeling av velfortent diplom og is til alle deltakarane.

TAKK til alle deltakarane og foreldra for å vise omsyn, følgje retningslinjene, og for at det lot seg gjere å gjennomføre tre dagar med fotballaktivitet i Moane utan samanblanding av deltakarar, grupper og utstyr.

TAKK til TINE for sponsing av ryggsekk, t-skjorter og sjokolademelk/juice til alle deltakarane.

TAKK til Norges Fotballforbund og fotballkretsen for informasjon og retningslinjer som god hjelp for å kunne gjennomføre fotballskulen på ein forsvarleg måte.

TAKK til alle dei flinke ungdomane og vaksne som stilte opp som instruktørar og utførte andre oppgåver under årets fotballskule, og som gjorde ein flott og imponerande innsats kvar einaste dag.

TAKK til SPAR Hafslo for all hjelp med mottak, oppbevaring og utlevering av melkeprodukt og juice frå TINE.

TAKK til stadionstyret ved Birger for klargjering av flotte grasbaner i Moane til årets fotballskule (årets speleforhold må vere dei beste nokonsinne i fotballskulen si historie).

TAKK til foreldrelaget for aldersfastlagd fotball ved Erna for hjelp til reingjering og rydding før og etter fotballskulen.

Fotballgruppa i Hafslo IL håpar mange kjem tilbake på fotballskulen neste år, og ønskjer alle deltakarane lukke til med skulestart på måndag.