Klart for ny trimsesong – bli Trimmian i 2021!

Trimsesongen 2020 er no avslutta, og det har vore mange spreke trimmarar på Hafslo i det spesielle året 2020. Det har vore delt mange flotte bilete frå trimturar på Facebook-sida vår, og vi takkar dykk alle for innsatsen!

Det vert dessverre ikkje Haustmarknad i år. Men Trimgruppa vil sørge for at alle trimmarane som har fullført tilstrekkeleg med turar og oppnådd nok poeng, vil få velfortente premiar for innsatsen i løpet av november! Meir informasjon kjem på Facebook-sida vår og på heimesida når alt er klart.

Det betyr at det er klart for ny trimsesong, og i lenkja nedanfor finn de skjema for trimbøkene sesongen 2021 i både PDF og Word-format med vegforklaring og informasjon om betaling med meir. Trimskjema for 2021 kan også hentast hos Luster Sparebank sin filial på Hafslo.

Trimgruppa takkar alle som deltok i trimsesongen 2020, og håpar mange ønskjer å bli Trimmian sesongen 2021 også. Hafslo har mange flotte turmoglegheiter i nærmiljøet vårt, så vi håpar mange blir med på komande trimsesong!

NB: Om de har bilete frå turane de er på, og som de ønskjer å dele på Facebook-sida vår, kan de sende desse per e-post til leiar@hafslo-il.no eller på Messenger til leiar Ove Midtbø tlf. 41375655. Vi håpar også å få aktivert ein Instagram-konto for Hafslo IL i løpet av kort tid. Følg med på Facebook-sida vår for meir informasjon.