Oppstart basistreningar i veke 45

Måndagar og tysdagar framover vert det basistreningar i regi av skigruppene. Oppstart måndag 2. november 2020.

Treningane er opne for alle medlemer i idrettslaget, men grunna korona-restriksjonar kan det ikkje vere meir enn 20 deltakarar i gymsalen.

Aldersgruppe frå ca. 10 år og oppover.

Måndagar kl 18.00-19.30 Basistrening koordinasjon (i gymsal) – v/Lars Olav Halleråker

Gjennom fleire aktivitetar vert det trent på ulike koordinative eigenskapar med overføringsverdi til mellom anna skiidrett. Mellom anna:

  • Idrettspesifikk koordinasjon
  • Apparat og frittståande turn
  • Dans
  • Parkour
  • Skateboard

Første økt startar måndag 2.november med ei økt der balanse og rytme er sentrale koordinative eigenskapar. Etter dette kjem dei andre koordinative eigenskapane til å bli pakka inn i dei ulike øktene. Konkret plan kjem etter kvart.

Tysdagar kl 18.00-19.30 Basistrening uthaldenheit, styrke, spenst mm. (ute) – v/Trond Sekse

Treningane vil foregå ute så lenge det er forhold for det. Hovudfokus på løpsintervall, men med innslag av spenst, hurtigheit, styrke.

Første økt startar tysdag 3.november. Hugs uteklede, refleksvest, lue, hanskar og gode sko. Oppmøte ferdig til trening kl 18.00 på nedsida av gymsal. Følg med på FB-sida for informasjon dersom økta blir flytta inn i gymsalen,