Minneord etter æresmedlem Johannes Kvam

Det var med stor sorg vi fekk melding om at ein av våre æresmedlemer i Hafslo Idrettslag, Johannes Kvam, døydde 21.oktober 2020, 82 år gamal. Gjennom eit langt liv har Johannes bidrege med ein uvurderleg innsats for idrettslaget vårt.  

Som ung deltok Johannes sjølv i idrettsaktivitetar i idrettslaget som dei aller fleste av oss. Etterkvart som han vart familiefar, stilte han opp på arrangement og dugnader som borna var med på. Det var aldri eit nei å få frå Johannes, han stilte opp når han fekk beskjed om det. Og det er mange i idrettslaget vårt som kan kjenne seg igjen og skal vere stolte av å følgje i Johannes sine fotspor.

Johannes si positive innstilling og dugnadsinnsats har vore utruleg viktig for idrettslaget, og er eit godt eksempel på kor viktig det er å stille opp når det er behov for det i eit breiddeidrettslag som Hafslo Idrettslag.

Som alle på Hafslo kjenner til, har vi eit flott fotballanlegg i Moane og fram til i år har vi hatt flotte hoppbakkar i Kvam. Det har vore utruleg mykje aktivitet og gode opplevingar for mange av medlemene våre i desse anlegga. Framleis er Hafslo stadion i Moane det mest brukte anlegget for idrettsaktivitet i Hafslo Idrettslag.

Johannes Kvam har vore grunneigar til areala for anlegga i Moane og Kvamsbakken, og avtalane med idrettslaget syner at han har følgt far sin, og alltid vore positiv til å stille areal tilgjengeleg for å skape aktivitet i idrettslaget vårt.

Av jubileumsboka til Hafslo Idrettslag frå 75-års dagen i 2009, går det fram at Johannes Kvam var formann i idrettslaget i 1964 og 1966. Han var også kasserar i fire samanhengande år i perioden 1968 til 1971. Desse verva understrekar at Johannes var ein ja-mann, og at han stilte opp når det var behov for det.

I samband med 50-års jubileet til Hafslo stadion i 2005, og i samband med årsmøtet i jubileumsåret for Hafslo idrettslag i 2009, var Johannes Kvam tilstades. På årsmøtet i 2009 vart Johannes velfortent utnemnd som æresmedlem i Hafslo Idrettslag, og han vart veldig overraska over dette. Men Johannes skal vite at dette var ei svært velfortent utnemning, og Hafslo Idrettslag er veldig takknemlege for den innsatsen han har lagt ned for idrettslaget vårt.

Takk for alt du har gjort for idrettslaget vårt, Johannes! Du var ei ekte eldsjel, og vi må også rette ein stor takk til kona Kirsten som har ein stor del av æra for dette! Vi må også takke Ruth Karin og Tom Idar og resten av familien, som har overteke grunneigaravtalane i Moane og som har arva di positive innstilling når det gjeld tilrettelegging av aktivitet i anlegga i Moane i åra framover.

Kvil i fred, Johannes Kvam! Du vil aldri bli gløymt, og vi lyser fred over ditt minne.

Ei siste helsing frå,

Styremedlemer, tillitsvalde, utøvarar, foreldre, sponsorar og alle andre støttespelarar i Hafslo Idrettslag.