Barneidrettsgruppa startar opp koronavenleg skicup 2021

På grunn av korona-situasjonen, har Barneidrettsgruppa tenkt alternativt når det gjeld oppstart av skicupen vintersesongen 2021. Dette er eit arrangement som vanlegvis samlar opp mot 100 deltakarar i alderen 6 til 12 år + foreldre kvar onsdag i løpet av vintersesongen.

Dessverre er det ikkje mogleg på noverande tidspunkt å starte opp på vanleg måte med skicup på Heggmyrane på onsdagar i 2021, men med gode idear og god hjelp frå IKT-kyndige i idrettslaget vårt, vert det lagt til rette for oppstart av ein korona-venleg skicup med elektronisk påmelding og registrering av deltaking frå og med denne veka.

Alle som ønskjer å delta på skicupen i regi av Barneidrettsgruppa vinteren 2021, melder seg på i det elektroniske skjemaet nedanfor. Alle som melder seg på, kan deretter registrere alle skiturar som vert gjennomført i skiløypene på Heggmyrane i dei ni vekene fram til og med veke 11 (søndag 21.mars) på ein enkel måte i eige elektronisk registreringsskjema som de finn nedanfor.

Det er opp til kvar enkelt deltakar/familie å velge vekedag for når skituren eller skiturane vert gjennomført i dei komande vekene. Alle som melder seg på, og deretter registrerer skiturar elektronisk i minst 5 av vekene i perioden fram til og med 21.mars (veke 11), får premie. Barneidrettsgruppa håpar det er mogleg å arrangere avslutning og premieutdeling i veka før påske (veke 12).

For å delta i skicupen må ein vera medlem av Hafslo Idrettslag, og betale startkontigent på kr.50,- per påmeldte born. Faktura for medlemsskap kjem per e-post frå minidrett.no til registrert e-postadresse. Påmelde deltakarar som allereie er medlemer av Hafslo Idrettslag vil få tilsendt faktura per e-post via minidrett.no som vanleg i løpet av januar. Nye medlemer må sende informasjon i tråd med retningslinjene for medlemsregistrering som de finn på heimesida vår: https://hafslo-il.no/2021/01/medlemsskap-hafslo-il-2021/

Startkontigenten på kr. 50 kan innbetalast til Hafslo IL sin VIPPS-konto nr. 114316 eller direkte til kontonr. 3785.07.20062. NB: Hugs å merke innbetalinga med namn på born + skicup 2021.

Barneidrettsgruppa vil fortløpande vurdere om det kan gjennomførast arrangement på onsdagar som vanleg. Meir informasjon om dette kjem på heimesida og Facebook-sida vår.

Inntil vidare, håpar vi at mange vil delta i den koronavenlege versjonen av skicupen i 2021, og at mange born tek skiturar saman med foreldra i skiløypene på Heggmyrane i vekene framover og ønskjer å sikre seg premie i årets skicup.

NB: Påmelding skjer i eige elektronisk skjema nedanfor. Deretter registrerer de gjennomførte skiturar i eige elektronisk registreringsskjema som de også finn nedanfor. I registreringsskjemaet skriv de berre namn på bornet som har delteke etter kvar skitur, og så vert dette registrert på aktuell dato.

I slutten av veka vert det også hengt opp plakatar med QR-kodar i løypene på Heggmyrane, der de kan enkelt skanne koden med mobilen og kome rett inn i anten påmeldingsskjemaet eller registreringsskjemaet.

Om de har spørsmål, kan de ta kontakt med Ove Midtbø per e-post ovemidtbo@hotmail.com eller per telefon 41375655.

Lenkje til påmeldingsskjema skicup Hafslo IL 2021:

PÅMELDING SKICUP HAFSLO IL 2021

Lenkje til registreringsskjema skicup Hafslo IL 2021:

REGISTRERINGSSKJEMA SKICUP HAFSLO IL 2021