Lag og kampoppsett Loppecup 2015

Fotballgruppa samarbeider med 7.klasse på Hafslo Barne- og ungdomsskule om å arrangere Loppecup 2015 i Samfunnsbygget på Hafslo  laurdag 14.mars kl. 10-15. Turneringsleiinga har i kveld sett opp lag- og kampoppsett, sjå lenkje nedanfor.

Oppmøte frå kl.10 på laurdag for registrering. Kampane byrjar kl.10.30, og turneringa er ferdig ca kl.14.40.

I tillegg til fotballturnering blir det Loppemarknad og kiosksal. Vi ønskjer alle velkomne til ein innhaldsrik og fartsfylt laurdag med lopper og fotball i Samfunnsbygget!

NB: Grunna forfall, litt etterpåmeldingar, har vi auka tal lag frå 5 til 6 for dei eldste. Det har derfor medført nokre justeringar. Oppdatert lag- og kampoppsett finn de i lenkja nedanfor.

LOPPECUP 2015 – lag og kampoppsett – oppdatert