Det blir A-lag for herrer på Hafslo sesongen 2016!

Etter ein sesong utan A-lag for herrer på Hafslo, er det ei glede å kunne annonsere at Hafslo IL stiller med eit herrelag i 6.divisjon sesongen 2016. Sidan i haust har interesserte spelarar hatt treningar både på kunstgrasbana på Hafslo og i Sognahallen. Spelarar og tidlegare trenarressursar har hjulpe til med å ta ansvar for desse treningane, samstundes som Fotballgruppa har jobba med å få på plass fast trenar.

IMG_20160121_203948

Måndag denne veka takka Kai Inge Cirotzki ja til å bli trenar for Hafslo IL sitt herrelag sesongen 2016. Kai Inge har lang trenarerfaring frå aldersbestemte lag, og i fjor var han assistenttrenar for Kaupanger sitt damelag i 1.divisjon. I kveld leia han si første trening som A-lags trenar i Sognahallen for 15 ivrige spelarar. Det har vore godt oppmøte på alle treningane så langt. I tillegg til ein god trenar, har laget ei flott spelargruppe som består av mange unge spelarar kombinert med meir erfarne karar. Dette lovar bra med tanke på sesongen som kjem!

IMG_20160121_193726

Så får vi følgje med korleis det går med herrelaget i 6.divisjon komande sesong! Vi har stor tru på at laget kan vere med å kjempe om opprykk…….!