SFE-hoppcup på Sogn Skisenter

Det er ikkje nok snø i hoppanlegga i fylket, men Sogn Skisenter på Hafslo har laga til fine bakkar med kunstsnø i bakkestorleikar opptil 15 meter. Dei ivrigaste rekruttane på Hafslo og i Gaupne er komen i gang med trening i desse bakkane.

Komande søndag arrangerer Hafslo idrettslag SFE-cup med start trening frå kl 12.30. SFE-cupen er eit rekrutteringsrenn for alle med lengdemåling i 3 omgangar frå kl 13.00 utan stildømming. Hopparane vel fritt bakkar frå K 5 meter og oppover med det skiutstyret ein har, men for største hoppet må ein ha hoppski. Idrettslaget har noko hoppskiutstyr til utlån.

Påmelding blir registrert i bakken frå kl 12.30.
For meir info Sogn skisenter og Sogn og Fjordane sine internettsider.