Dugnad før Lerum Cup i Moane onsdag 22.juni frå kl.17

WP_003350

 

 

 

 

 

 

Fredag 24.juni byrjar Lerum Cup 2016, og det blir som vanleg dugnad i forkant i Moane onsdag 22.juni kl.17.00. Oppgåvene blir klargjering av baner, rigging av mål, nett, sperrenett, diverse rydding, kantslått mm. Oppgåver blir fordelt ved oppmøte i Moane!

Det blir forventa at ALLE trenarar, oppmenn, styret i Fotballgruppa, stadionstyret, A-lagsspelarar og alle foreldre som har kryssa av for dugnad på påmeldingsskjemaet i forkant av Lerum Cup møter! Det er heller ikkje noko i vegen for at alle andre som er engasjerte i fotballen på Hafslo møter på dugnaden!
 
Håpar mange ønskjer å bidra til at Fotballbygda Hafslo nok ein gong viser seg frå si beste side under årets Lerum Cup neste helg! Hugs at til fleire vi er, til raskare blir vi ferdige!
IMG_7873