Oppdatert saksliste med innkomne saker til årsmøtet 8.februar 2018

Som tidlegare varsla, vert det årsmøte for Hafslo Idrettslag for 2017 torsdag 8.februar 2018 kl.19.30. Årsmøtet vert som vanleg halde på Eikum Hotell.

Vanlege årsmøtesaker.

Det er kome inn saker til årsmøtet innan fristen som gjeld fleirbrukshall på Hafslo, kunstgrasbane 11ar i Moane og lysanlegg i Moane. Då alle desse innspela gjeld anlegg, har hovudstyret vurdert at desse kan handsamast samla som ei sak under sak 11 Innkomne saker. I lenkja nedanfor finn de oppdatert saksliste, med styret sitt framlegg til vedtak frå årsmøtet når det gjeld dei innkomne sakene.

Oppdatert saksliste med innkomne saker til årsmøtet 8.februar 2018

Årsmelding for 2017 med saksliste finn de i lenkja nedanfor, og i tillegg er dokumenta tilgjengelege for medlemene på Spar Hafslo, Lustraporten (YX), Esso og i Luster Sparebank sin filial på Hafslo.

ÅRSMELDING HAFSLO IL 2017 m/saksliste

Styret i Hafslo IL ønskjer alle medlemer velkomne til årsmøte på Eikum Hotell torsdag 8.februar 2018 kl.1930.