Cupeventyret har starta i Oslo

  

Første dag med kampar under Norway Cup 2018 har vore ei fantastisk flott oppleving for spelarar, trenarar og supporterar frå Hafslo IL. I strålande sommarvær har dei 59 spelarane frå Hafslo IL med støtteapparat imponert både på og utanfor bana. Seks flotte innleiande kampar er unnagjort, og fasit så langt er to sigrar, to uavgjort og to tap. Resultata frå første kampdag søndag 29.juli vart slik:

Kl.1000 J15/16-7ar: Trond IL – Hafslo IL    5-4

Kl.1040 G13/14-9ar: Hafslo IL – Blindheim  10-1

Kl.1220 J13-9ar: Øvrevoll Hosle IL Storm – Hafslo IL   2-2

Kl.1315: J14-7ar: Høybråten og Stovner IL – Hafslo IL  1-0

Kl.1515: G15/16-7ar: Hafslo IL – Hamarøy IL Fotball  13-0

Kl.1615: J15/16-7ar: Årvoll IL – Hafslo IL  2-2

  

Hafslo IL har vore svært synlege på og rundt banene og i bybiletet. Om lag 150 glade og humørfylte hafslobygdingar er med på å gjere dette til ei fantastisk oppleving for alle som er med. Etter kampane i går kveld, var 110 hafslobygdingar samla til felles middag på Peppes Pizza i Oslo sentrum. Det trur vi aldri har skjedd før! Fleire av laga nytta også høvet til å reise på Tusenfryd i går etter sine innleiande kampar.

  

I dag måndag 30.juli fortset cupeventyret, med fem nye innleiande kampar for Hafslo IL sine lag:

Kl.0950: Lambertseter: G13-9ar: Sørumsand 2 – Hafslo IL

Kl.1200: Ekebergsletta: G15/16-7ar: Tjørvåg IL Tjørvåg/moltu – Hafslo IL

Kl.1310: Lambertseter: J13-9ar: Hafslo IL – Hødd IL Kvit

Kl.1615: Ekebergsletta: J15/16-7ar: Hafslo IL – Vålerenga Fotball

Kl.1830: Ekebergsletta: J14-7ar: Elnesvågen – Hafslo IL

Det er berre å glede seg til ein ny fantastisk cup-dag i Oslo, og vi ønskjer alle laga med trenarar og supporterar lukke til vidare! Følg med på Facebook-sida vår for oppdateringar i løpet av dagen!

HEIA HAFSLO!!