Treningsavgift/deltakaravgift sesongen 2019

Hafslo idrettslag har vedtak om betaling av treningsavgift/deltakaravgift. Satsane varierer ut frå alder.

Styret har fastsett følgjande satsar for treningsavgift/deltakaravgift sesongen 2019:

 Fødd 2014 – 2019, 0-5 år, kr 0

Fødd 2010 – 2013, 6 – 9 år, kr 250

Fødd 2005 – 2009, 10-14 år, kr 500

Fødd 2000 – 2004, 15 -19 år, kr 750

Senior fotball damer, kr 1000 (ikkje damelag 2019)

Senioridrett (utanom fotball),  kr 1000

Senior fotball herrer, kr 1500 (frå 20 år og oppover)

NB: Medlemene betaler berre ei treningsavgift/deltakaravgift, uansett kor mange aktivitetar ein deltek på.

Ved betalt trenar og bruk av betalt hall/treningsareal, kan prisen aukast (Gjeld både vaksne og ungar)

Medlemsavgift kjem i tillegg, og skal vera betalt før ein kan delta i aktivitetar for Hafslo idrettslag.

Gjeldande retningslinjer for treningsavgift/deltakaravgift finn de i lenkja nedanfor:

Faktura for treningsavgift vert sendt ut elektronisk via Min Idrett i løpet av våren etterkvart som påmeldingar til ulike aktivitetar kjem inn.