Kampanjepris på Hafslo IL – hettegensar

Hafslo IL ønskjer å utvide klubbkolleksjonen med ein hettegensar. Dette er ein raud UMBRO Hood Top Basic (sjå bilete). Klubbsponsoren vår Intersport Sogndal tilbyr no kampanjepris på hettegensaren fram til 20.juli 2020!

Hettegensaren blir levert med klubblogo, og med merke frå samarbeidspartnerane våre Luster Sparebank, Intersport Sogndal og NTP Avery Dennison.

Kampanjepris inkludert påtrykt logo og alle sponsormerke er kr.250,- .Hettegensaren kan leverast i følgjande storleikar:

116-128-140-152-164-S-M-L-XL-XXL-3XL

Du kan også bestille namn med gule bokstavar på rygg i tillegg, og det blir ein ekstra kostnad på kr.8,- per bokstav (plotter).

Om du ønskjer å sikre deg ein Hafslo IL-hettegensar til kampanjepris, må du bestille før 20.juli 2020!

BESTILLING MÅ sendast via Hafslo IL til e-post adresse: ovemidtbo@hotmail.com INNAN MÅNDAG 20.JULI 2020 (Det er ikkje mogleg å bestille gensaren direkte hos Intersport Sogndal).

NB: Hugs å opplyse om antal, storleik og om du ønskjer namn på rygg ved bestilling.

Vi håpar å kunne levere hettegensaren medio august 2020.

OPPMODAR ALLE MEDLEMENE VÅRE OM Å NYTTE HØVET TIL Å SIKRE SEG EIN HAFSLO IL – HETTEGENSAR TIL EIN GOD PRIS I LØPET AV KAMPANJEPERIODEN.

Etter kampanjeperioden, vil vi vurdere å tilby hettegensaren til klubbpris på vanleg måte hos Intersport Sogndal.

Hugs at du også kan kjøpe andre klær frå klubbkolleksjonen til Hafslo IL med 25% klubbrabatt på veil. pris hos Intersport Sogndal heile året. Oversikt over klubbkolleksjonen til Hafslo IL finn du på heimesida vår:
https://hafslo-il.no/2020/03/hafslo-il-sin-klubbkolleksjon-hos-intersport-sogndal/