Påmelding fotballsesongen 2021

Sjølv om korona-pandemien framleis påverkar aktiviteten i samfunnet vårt, håpar vi likevel på ein meir normal fotballsesong i 2021 samanlikna med førre sesong. Kretsen planlegg sesongen på vanleg måte, og fristane for påmelding av lag til fotballsesongen 2021 nærmar seg. Fotballgruppa vår førebur også sesongen på vanleg måte.

Alle som skal vere med på fotball i Hafslo IL sesongen 2021, må derfor melde seg på i eitt av dei elektroniske skjema de finn lenkjer til nedanfor. Det er to påmeldingsskjema, eitt for aldersbestemt og miniputt (jenter og gutar fødde 2004 -2015) og eitt skjema for senior (damer og herrer).

For å spela fotball for Hafslo Idrettslag følgjande vera oppfylt:

1. Medlemskap i Hafslo Idrettslag (kr.300 for einskildmedlem/kr.750 for husstandsfellesskap).Lenkje til informasjon om medlemsskap i Hafslo IL.

2. Betale trenings-/deltakaravgift til idrettslaget, jf. informasjon og satsar på heimesida: Treningsavgift Hafslo IL. Det er berre krav om ei trenings-/deltakaravgift uansett kor mange idrettar ein deltek i for HIL.

3. Utføre dugnadsarbeid som t.d: Medlem av fotballgruppa, medlem i foreldrelaget, trenar, lagleiar, loddsal, leiar av særgruppe, anna arbeid.

4.Jobba 2 dugnadsvakter på Lerum Cup 19.-21.juni 2021 eller betale 1500 kr pr. påmeldt barn for fritak for dugnad under Lerum Cup. Viss Lerum cup blir avlyst i 2021, vil det bli sett opp andre dugnadsval. Skriv om dette blir sendt ut til føresette og seniorspelarar i april.

NB!  Idrettslaget gjer merksam på ordninga med Luster Fritidsfond, der born og unge kan få økonomisk støtte til deltaking i fritidsaktivitetar. Meir informasjon finn de i lenkja under.

https://www.luster.kommune.no/luster-fritidsfond.484209.nn.html

Påmelding gjer du ved å gå inn på lenkjene til eitt av skjemaene nedanfor. Du kan berre melde på ein spelar om gongen, og dersom du ønskjer å melde på fleire born, må du sende inn ei påmelding per born. Utfyllinga er enkel, der du fyller inn namn på spelar, epostadresse, telefonnummer og fødselsår.

NB: Det er viktig at du fyller ut kontaktinformasjon til alle føresette i skjema for aldersbestemt og miniputt!

NB: Du må også krysse av for ja eller nei på spørsmål om det er i orden at det vert publisert bilete av spelar på heimesida eller facebook-sida til idrettslaget.

Etter at du har fylt ut påmeldingsskjemaet, sender du dette inn elektronisk. Like etter innsending får du tilsendt ei stadfesting til oppgitt e-postadresse om at påmeldinga er registrert. NB: Dersom du ikkje får e-postkvittering, må du sjekke om den kan ha kome i «søppel»-innboksen din.

Når idrettslaget har fått registrert påmeldinga, får du etterkvart tilsendt eigen e-post frå leiar@hafslo-il.no med betalingsinformasjon om korleis du betalar faktura for medlemsskap og treningsavgift gjennom minidrett.no. Faktura for henholdsvis medlemsskap og treningsavgift kjem i eigne e-postar. Merk at e-postar blir sendt til den første registrerte e-postadressa som blir oppgitt ved påmelding!

Påmeldinga er bindande, og det er viktig at påmelding skjer innan fristane, då desse dannar grunnlag for påmelding av lag til seriespel sesongen 2021. Det er også viktig at medlemsskap/treningsavgift blir betalt innan fristane på fakturaen du får tilsendt per e-post!

I løpet av våren, vil alle som er påmeldt fotballsesongen 2021 få tilsendt eigen e-post med høve til å melde inn ønskjer for dugnadsarbeid og dugnad under Lerum Cup 2021. Dei som er påmeldt fotballsesongen 2021, og som ikkje svarar på tilsende e-postar om dugnad, må betale fritak for dugnadsinnsats, eller blir sett opp på dugnad under Lerum Cup der det er behov.

PÅMELDINGSFRISTAR OG LENKJE TIL SKJEMA:

Aldersbestemt (jenter/gutar 11-17 år): Påmelding innan 1.februar 2021 via skjema nedanfor.

Miniputt (jenter/gutar 6-10 år): Påmelding innan 1.februar 2021 via skjema nedanfor (same som aldersbestemt).

PÅMELDING MINIPUTT OG ALDERSFASTLAGD FOTBALL SESONGEN 2021

Senior damer og herrer: Påmelding innan 1.februar 2021 via dette skjemaet:

PÅMELDING SENIOR FOTBALL 2021