Bli med på TINE Fotballskule Hafslo 2021

Også i år blir det TINE  Fotballskule i Moane på Hafslo! Fotballgruppa i Hafslo IL arrangerer for 14.året på rad fotballskule for jenter og gutar i alderen 6-12 år (fødde 2009-2015) siste veka av skuleferien!

Årets TINE fotballskule Hafslo  vert arrangert i Moane tysdag 10.august til torsdag 12.august kl.10-14 kvar dag.

Tine Fotballskule samlar opp mot 70 000 born i alderen 6 til 12 år til fotballfest i heile landet kvart år! Meir informasjon om TINE Fotballskule finn du på www.tinefotballskole.no.

Korona-pandemien pregar framleis samfunnet vårt, og vi vil sjølvsagt ta omsyn til gjeldande retningslinjer i samband med arrangementet.  Men vi er trygge på at vi også i år skal klare å gjennomføre ein kjekk og triveleg fotballskule i Moane for alle deltakarane!

På fotballskulen får du utvikle dine fotballferdigheiter der spel, leik og sosialt samvær står sentralt. Det blir tre dagar med fokus på trening, trivsel, læring, topp stemning og gode haldningar!

Fotballskulen på Hafslo er for ALLE born i alderen 6 til 12 år uavhengig av ferdigheiter og funksjonsnivå, og du treng ikkje å ha spelt fotball tidlegare!

Alle deltakarar får TINE t-skjorte, TINE-ryggsekk og fotball. Alle får også servert Tine-mjølk eller juice og frukt kvar dag.

Pris: 300 kr per deltakar.

Påmelding via skjemaet i denne lenkja: https://forms.gle/EMJ8KpDZ6wHAmxSaA

PÅMELDINGSFRISTEN ER 1.AUGUST 2021. NB: Vi har eit tak på antal deltakarar, slik at påmeldinga kan bli stengt før fristen dersom det blir fullt!

Stadfesting av påmelding og informasjon om betaling vert sendt per e-post kort tid etter at påmeldinga er registrert.

Meir informasjon om gjennomføring av fotballskulen blir sendt ut til alle påmelde deltakarar etter påmeldingsfristen i byrjinga av august!

Fotballgruppa håpar mange jenter og gutar vil vere med på årets TINE Fotballskule på Hafslo siste veka i skuleferien!

Eventuelle spørsmål om Tine Fotballskule på Hafslo kan rettast til Ove Midtbø på e-post: ovemidtbo@hotmail.com eller tlf. 41375655.