Første seriekamp for Hafslo IL sitt seniorlag på 687 dagar!

I kveld vert det ein stor dag på Hafslo stadion i Moane, når seniorlaget spelar sin første seriekamp på 687 dagar! Og det har gått heile 694 dagar sidan siste heimekamp på Hafslo stadion!

Etter ei lang pause på grunn av korona-pandemien er det er endeleg sesongstart i 6.divisjon for herrer. Hafslo IL startar sesongen med heimekamp mot Årdal 2 på Hafslo stadion med avspark kl.19. Og det er ei strøken grasmatte som ventar laga i kveld, noko stadionsjef Birger Moane skal ha æra for!

Det er eit nytt og spanande seniorlag som skal i aksjon i kveld, med fleire debutantar. Vi tykkjer det er veldig kjekt at spelarar med store spelarkarrierer bak seg, har valt å bli ein del av Hafslo IL sitt seniorlag i 6.divisjon denne sesongen!

Følgjande 18 spelarar er tekne ut i kamptroppen til kveldens kamp:

Aleksander Haugen, Anders Stadheim, Bjarte Hovland (keeper), Bjarte Vatlestad, Daniel Fylling, Eirik Cirotzki, Hans-Petter Moe Fardal, Helge Bakkane, Henrik Furebotn, Henrik Salveson, Johan Salveson, Marius Sjølie Sviggum, Simon Hauge Sørensen, Styrk Hofslundsengen, Terje Flugheim, Torbjørn Kjørnes, Ørjan Fåberg, Øystein Lerum

Trenarane Joar Duesund, Nils Einar Søhoel og spelande trenar Johan Salveson gler seg veldig saman med spelarane til å endeleg kome i gong med sesongen.

Vi håpar mange tek turen til Hafslo stadion i Moane i kveld og heiar på seniorlaget. Dessverre vert det ikkje kiosksal under kveldens kamp, men ta gjerne med kaffe eller annan drikke sjølve, og noko godt å bite i. Vi ber også eventuelle tilskodarar som tek turen om å merke seg følgjande:

Er du sjuk, eller har symptom på sjukdom, må du halde deg heime!

Tilskodarar må parkere nede ved treningsfeltet, bak tribuna mot treningsfeltet eller på grusbana. Ingen tilskodarar kan parkere ved klubbhuset!

Tilskodarar må opphalde seg på langsida ved kioskbygget, der tribuna er. Ingen tilskodarar har lov til å bevege seg på motsatt side av bana.

Vi oppmodar alle som tek turen om å vise omsyn og halde tilstrekkeleg avstand til andre utanom eigen husstand.

Alle som er tilstades må registrere seg via plakatar med QR-kode som heng fleire stader i publikumsområdet, eller på ei manuell liste via kampvert.

Toalett for publikum er tilgjengeleg i klubbhuset på kortsida av klubbhuset som vender mot Hafslo sentrum.

Meir informasjon og oppsummering frå kveldens seriekamp, kjem her på heimesida og på Facebook-sida i løpet av kvelden.